onsdag 30. januar 2008

Surf´s up, dude!

No gar det mest i bading. Har gitt opp forsok pa a vere interessert i ruinane, og er no rett og slett soydenturist av verste sort. Eller kanskje ikkje verste sort. Men ganske naer. Puerto Escondido ligg ved Stillehavskysten omlag rett vest for Oaxaca. Her samlast proffane innan bylgjesurfing. Og sa Tylen. Passar inn som hand i hanske sjolvsagt. God pa fjola og kul som fan. Neppe. Mexican pipeline er ikkje meint for tylar. Difor held eg meg til det eg er god til; bade til knea og drikke ol. Far teste ut fjola ein annan plass. Denne videoen er fra ein gong det var ekstreme bolger her. Surf´s up, dude!

fredag 25. januar 2008

Chapulines i Oaxaca

Dei er glad i mat her borte og i Oaxaca synast det som om dei er ekstra gode til a koke. Eg tok sats og testa ut chapulines, som er torka, chilimarinerte grashopper. Knasa godt og smakte ikkje sa verst. Men ikkje det beste om du er bakfull.

Her fra marknaden kor dei fresar i hop alt du vil ha av mat. Hogt stoyniva og stor stahei.



Her ein liten demo pa korleis ein skal ete desse grashoppene - ta ein tortilla, legg oppi ei god hand grashopper og topp med guacamole og litt salsa. Veit ikkje kven den gubben er men han synast a vite kva han driv med.

tirsdag 22. januar 2008

Historietime

Ok. No er det historietime folkens. For a vise at det ikkje berre gar i ol og sport. Dei som ikkje gidder a lese, kan ga rett pa videoen som viser Teotihuacán. Ikkje bry dokke med a hoyre pa han teite amerikanaren som har filma.

Om lag samstundes som Romarriket var pa topp bygde det seg opp eit mektig rike pa den andre sida av dammen. Teotihuacán ligg fem mil nord for Mexico City og var det forste, og kanskje det storste, av dei store sivilisasjonane i Mellom-Amerika. Omlag 125.000 innbyggarar budde i byen da den var pa topp mellom ca ar 100-600. Her star verdens tredje storste pyramide, Pirámide del Sol, som dei starta a bygge sann omlag da Jesus vandra rundt i sandalane sine. 70 m hog og 222 m lang pa alle sider bestar den av 3.000.000 tonn stein. Dette fekk dei transportert og bygd opp utan hjelp av metallreidskap, pakkdyr eller hjulet. I tillegg er der ein heil masse andre sma tempel og bygningar, og sjolvsagt Pirámide del Luna som er litt mindre enn solpyramiden. Det som star att no utgjer omlag 10 prosent av det som vart kalla gudane sin by.

Ingen veit heilt kva for folkegruppe som budde i Teotihuacán eller kvifor den vart fraflytta pa 800-talet. Forst i 1325 etablerte Aztecarane byen Tenochtitlán pa den staden kor Mexico City er i dag. Dei var nomadefolk som vandra rundt om kring og venta pa eit teikn som skulle fortelle dei kor dei skulle sla seg til. Da dei vasa rundt i ein sump og nokre oyer rundt ein stor innsjo, sag dei ei orn som stod pa ein kaktus med ein orm i nebbet. Det var altso teiknet dei hadde venta pa og da var det berre til a sette i gang a bygge by, sjolv om dei stod midt i ein innsjo. Orna med slangen er i dag symbolet i Mexico sitt flagg. Byen utgjorde med sine bygningar, vassvegar og flytande avenyar eit imponerande syn nar Hernán Cortés kom i 1519. To ar seinare var byen oydelagt, og det som utgjer den historske delen av Mexico City vart bygd opp pa ruinane. I dag er heile innsjoen tomt for vatn og Mexico City ligg utover heile den dalen kor innsjoen lag. Det bur sann omlag 22 millionar innanfor det som vert definert som bygrensene, men ingen har heilt kontrollen pa det eksakte talet.

mandag 21. januar 2008

¡Vamos, vamos América!


Estadio Azteca er det einaste stadion i verda som har husa to finalar i fotball-VM. I 1970 skara Pelé det forste malet da Brasil slo Italia 4-1. I 1986 overtok Mexico arrangementet fra Colombia pga pengetobbel. Det var likevel pa hengande haret at Mexico klarte dette pga jordskjelvet i september 1985 som raserte mange bygningar og tok ut 20.000 menneske i Mexico City. Maradona skara ikkje da Argentina slo Vest-Tyskland 3-2.

Estadio Azteca er i dag heimebane for to lag fra Mexico City og har ein kapasitet pa heile 114.000 tilskodarar. Sundag spelte det eine av laga, América, mot Pueblo. Tylen var ute i god tid for a fa billett. Det var det nokre andre som hadde tenkt ogsa. Den lengste koa eg nokon gong har sett snirkla seg i eit meandrerande system som var komplett uforstaeleg. Til slutt dumpa eg bort i ein svarteborsselgar og for folk som vil bruke penger blir det alltid ordnings. Fekk bra plass og sjolvsagt var det tilgang pa ol. Veit ikkje kor mange tilskodarar som var der men sikkert minst 80.000. Dette var noko anna enn Fosshaugane.

Her er eit klipp fra ein annan kamp América har spelt pa Estadio Azteca.

søndag 20. januar 2008

Museo Nacional de Arte vs. dr. Wagner

Kva er best av a rusle rundt i ein flott bygning med mykje kunstgreier, eller sitte a tömme i seg öl pa Arena de Mexico og sja dr. Wagner banke livskiten ut av kompisen sin i lucha libre (meksikansk wrestling)? Tylen har prövd ut begge deler pa ein dag. Teikning, form og farge er no greit, men eit skikkeleg slagsmal er no litt meir futt i. Lucha libre er sjukt populaert her, og for tida er det dr. Wagner som er bad ass numero ono. Han utfordrar meisteren Mistico, som framleis vinn alle kampane. Men etter at Mistico har banka opp alle, er det dr. Wagner som star att i ringen og mottar hysteriske tilrop fra publikum. Dei andre taparane blir skjelt ut med raffinerte kommentarar retta mot mödrene deira.

torsdag 17. januar 2008

Sekken er komt til rette men snusen er vekke

Dei ma vere glupske etter snus desse mexicanarane pa flyplassen. Sekken var pa plass i resepsjonen pa hotellet i dag tidleg, men snusen var tatt. Helsike. För eller seinare ville eg uansett gatt tom, men eg er ikkje mentalt forebudd pa at det skal skje heilt enno. Men a fa pa seg ein rein undikk hjelper pa humöret.

Tylen er framme i Mexico City

Ser bra ut dette. Bortsett fra at bagasjen ligg att i Houston og eg difor framleis gar i dei samme kleda som eg reiste fra Oslo i, fökk inkontinental airlines, sa er alt bueno og slik. Fatt i meg gatetaco allereie og den var jikla god. Saman med öl var det rett og slett lukke. Har til og med sett nokre ruinar og greier. Og vore inne i ein falleferdig katedral. Kan no seie kva ein vil om bade aztekarane og mr. Cortés, men a sette opp ein by i ein sump verkar ikkje spesielt lurt. Alt synker og ser verre ut enn bryggen i Bergen. Men det held seg vel oppreist den tida eg skal vere her. Grett du, hada.

mandag 14. januar 2008

Tylen har pakka sekken og er klar

Då er det avreise i morgon. Ny tannkost er kjøpt inn, undikkane er nystrokne og sekken er elles lasta med bøker og iPoden med lydbøker. Første stopp er Mexico City kor eg skal vere ei stund. Så får vi sjå. Innan returen 8. april har eg berre lause planar for kva eg skal gjere og sjå. Sidan det er nokså kaldt i Mexico City no (ligg på 2.200 moh) vert nok "ei stund" ikkje veldig lenge. Det fristar å komme seg på plass ved ei stillehavsstrand med ein kald pils i handa.