tirsdag 22. januar 2008

Historietime

Ok. No er det historietime folkens. For a vise at det ikkje berre gar i ol og sport. Dei som ikkje gidder a lese, kan ga rett pa videoen som viser Teotihuacán. Ikkje bry dokke med a hoyre pa han teite amerikanaren som har filma.

Om lag samstundes som Romarriket var pa topp bygde det seg opp eit mektig rike pa den andre sida av dammen. Teotihuacán ligg fem mil nord for Mexico City og var det forste, og kanskje det storste, av dei store sivilisasjonane i Mellom-Amerika. Omlag 125.000 innbyggarar budde i byen da den var pa topp mellom ca ar 100-600. Her star verdens tredje storste pyramide, Pirámide del Sol, som dei starta a bygge sann omlag da Jesus vandra rundt i sandalane sine. 70 m hog og 222 m lang pa alle sider bestar den av 3.000.000 tonn stein. Dette fekk dei transportert og bygd opp utan hjelp av metallreidskap, pakkdyr eller hjulet. I tillegg er der ein heil masse andre sma tempel og bygningar, og sjolvsagt Pirámide del Luna som er litt mindre enn solpyramiden. Det som star att no utgjer omlag 10 prosent av det som vart kalla gudane sin by.

Ingen veit heilt kva for folkegruppe som budde i Teotihuacán eller kvifor den vart fraflytta pa 800-talet. Forst i 1325 etablerte Aztecarane byen Tenochtitlán pa den staden kor Mexico City er i dag. Dei var nomadefolk som vandra rundt om kring og venta pa eit teikn som skulle fortelle dei kor dei skulle sla seg til. Da dei vasa rundt i ein sump og nokre oyer rundt ein stor innsjo, sag dei ei orn som stod pa ein kaktus med ein orm i nebbet. Det var altso teiknet dei hadde venta pa og da var det berre til a sette i gang a bygge by, sjolv om dei stod midt i ein innsjo. Orna med slangen er i dag symbolet i Mexico sitt flagg. Byen utgjorde med sine bygningar, vassvegar og flytande avenyar eit imponerande syn nar Hernán Cortés kom i 1519. To ar seinare var byen oydelagt, og det som utgjer den historske delen av Mexico City vart bygd opp pa ruinane. I dag er heile innsjoen tomt for vatn og Mexico City ligg utover heile den dalen kor innsjoen lag. Det bur sann omlag 22 millionar innanfor det som vert definert som bygrensene, men ingen har heilt kontrollen pa det eksakte talet.

6 kommentarer:

Silje Førland Erdal sa...

Like før du kan ta over jobben min

oddiseif sa...

Hallo- flott at du har oppretta ein blogg.Mvh Odd Helge

oddiseif sa...

Interessant lesing.Mor di,søstra di(med lungebetennelse),Andreas, Henrik, samt underteikna, sitt heime i snøslapset og føl deg på di reis.Ellers alt vel. Håpar du har det bra, og at du fortsett med skriving og filming.

Anonym sa...

Om ein ynskjer musikktime med raud tråd frå historietimen kan ein höyre
Neil Young: Cortez the killer frå plata Zuma, men og jikla fin på liveplata Weld

http://en.wikipedia.org/wiki/Cortez_the_Killer

Anonym sa...

Godt sagt Åistain!

Anonym sa...

eller du kan høyre på tom waits, som har svaret på dei fleste livsgåter. v