mandag 14. januar 2008

Tylen har pakka sekken og er klar

Då er det avreise i morgon. Ny tannkost er kjøpt inn, undikkane er nystrokne og sekken er elles lasta med bøker og iPoden med lydbøker. Første stopp er Mexico City kor eg skal vere ei stund. Så får vi sjå. Innan returen 8. april har eg berre lause planar for kva eg skal gjere og sjå. Sidan det er nokså kaldt i Mexico City no (ligg på 2.200 moh) vert nok "ei stund" ikkje veldig lenge. Det fristar å komme seg på plass ved ei stillehavsstrand med ein kald pils i handa.

Ingen kommentarer: