onsdag 2. april 2008

Ikkje tyle

Tylen er snart pa veg heim att til Toyengata 37. Om ei veke sit eg pa flyet over dammen. Blir gjevt a ta ei ol pa Treffen etter gamalt. I mellomtida skal eg dykke og ligge sa mykje i hengekoye som mogleg for ein lat tyl. Little Corn Island utanfor Nicaragua sin austkyst er ikkje verste plassen for slikt. Pika hon jikla fint og rett og slett ikkje tyle i det heile.



onsdag 26. mars 2008

Heile revolusjonshistoria pa seks setningar

Etter snart to veker i Nicaragua fann tylen det for godt a ta eit kjapt grunnkurs i revolusjonshistoria. Vanskeleg a komme utanom det temaet her. Sidan tylen har sa lett for det, kan all informasjonen fra revolusjonsmuseet oppsummerast veldig kort:

Ein knekt som heitte Sandino jaga ein gong pa 1920-talet gringoane ut av landet, berre for deretter a bli skoten i nakken av fyrste helveten i rekka av det kommande Samozadynastiet. Samozahelvetane var ikkje sa lette a ta knekken pa, men beit godt i fra seg heilt fram til 1979. Da samla nokre karar seg pa og jaga heile samozagjengen ut av landet. Desse karana tykte Sandino var ein bra knekt, og kalla seg difor for sandinistar. Men Ronalden i det kvite hus likte samozagjengen betre og fekk difor iranarane til a skipe over antirevoulusjonsvapen for a gjennopprette god borgarleg skikk og bruk att, noko som seinara forte til mykje baluba. Men revoulusjonskarane stod pa og i 1993 var dei i mal. Sann var det.

Sandino. Mystisk helt som saman med nokre andre mystiske karar jaga ut us-marines pa 1920-talet.

Gjengen som samla seg pa for a kjeppjage samoza i 1979.

Den mest sofistikert montasjen pa museet - som elles var som pa niva med ei veggavis i eit norsk ungdomsklasserom.

Revoulusjonsmuseet var sparsommeleg innreia - men med fin trekk og fint lys.

tirsdag 25. mars 2008

Ei paske utan Sylvinj og Arthurn

Det er no noko med det a vere i syden. Ein kjem til eit punkt kor ein byrjar a sakne eit kvart. Saerleg no i paska. Slik som Vona, Sylvinj og Arthurn. I Leon fann eg vulkanar, Silje, Ragnhild og Ron. Og nokre folk som stod pa brett ned vulkanen Cerro Negro. God overstatt paske!

- Nei, er det sjolvaste tylen?

- Jau

Sunnfjordlauget midt i fisen fra vulkanen San Cristobal

Cerro Negro. Den yngste av vulkanane i Nicaragua. Berre barnet med sine vel 100 ar.

Brettfantisar pa veg opp Cerro Negro. Hjelp til med paskeskjensla.

Tyl med lyte

Jesusen matte gjennom litt av kvart i veka som gjekk. Men det var ikkje langt i fra at tylen ogsa vart nagla skikkeleg fast no pa langtorsdag. Ned att fra Nicaragua sin hogste vulkan kom den elles sa velbalanserte og elegante tylen i ubalanse. For a rette pa dette stotta eg handflata med heile tyngda mot den einslege 4 cm lange spissen pa toppen av ein liten kaktus. Og det var hon ta ikkje mykje om a gjere for den kom ut pa andre sida. So tyle altso. Men tylen har allereie statt opp att og kan snart handhelse pa kven det skal vere.

søndag 9. mars 2008

Meir tyleskap - no 30 m under havoverflata

Tylen gar i vatnet igjen og er no sertifisert for dykk til 30 m. I forige artikkel sag dykk at tylen helsa pa vare forfedre apekattane. Eg kjente umiddelbart slektskap med desse enkle men sympatiske skapningane. Korleis vil det da vere om eg gjekk enno nokre ledd tilbake og helsa pa amfibiedyra i havet? Tidlegare erfaringar med den jekla stingrayen skulle indikere at det ville bli eit alt for langt sprang, og at det ville blir meir baluba enn haleluja. Men det skulle vise seg at mr. Tyl og dei karibiske hysene er i ganske naer slekt. Kommunikasjonen foregar gjennom a utveksle bobler, noko som i grunn er ein undervurdert metode for sosialt samvaer. Passar fint for tylen.









fredag 29. februar 2008

Monkey business i Tikal

Tikal utgjer nokre ganske imponerande godt stabla steinroyer midt ute i tjukkaste jungelen nord i Guatemala. Her tura mayafolket pa for 2.000 ar sidan. Tydelegvis var det ganske kjedeleg a vere maya pa den tida. Difor brukte dei tida pa a baere stein og stable dei i pene royser. Nesten rett etter at dei hadde brukt 4-600 ar pa dette tidsfordrivet fann dei ut at dei heller skulle prove det samme ein annan plass. Snakk om mongoloide greier. Heile stasen grodde til og vart ikkje oppdaga att for omlag 130 tilbake. No er det kanskje den beste biten i konfektoskja Guatemala.

For a patte pa sjokoladen nar den smakar best var det berre a komme seg av garde kl 03:30 om natta for a fa med seg nok ein soloppgang. Og det var kanskje verd det.



Steinroysene kan ogsa likne pa pyramidar eller tempel eller noko slikt.



Tylen var likevel mest nogd med a fa sla av nokre ord med apekattane som hang rundt i trea. Kjente at vi fann tonen med ein gong. Kamerat og kameramann: Mr. Tyl.

onsdag 27. februar 2008

45 dagar med tylefakter

Sag pa kalendaren i dag og fann ut at eg er omlag halvvegs. Ei stutt tatt-ut-av-all-mogleg-samanheng-oppsummering
av-tidlegare-ikkje-publiserte-bileter er no det minste eg kan tilby i hove markeringa. Problemet er at eg i den samanhengen ogsa fann ut at eg ikkje tar bileter. Berre dei to fyrste er fra mitt kamera. Resten er tull og toys fra det store Internettet.





78 ar gamal bartender i Mexico By, 150 ungar og 10.000 barnebarn og framleis torst pa tequila.

T-bana i Mexico By. Kapasitet pa 5-6 millionar sma mexicanarar om dagen. Ein tyl fra eller til spelar inga rolle.





Chicken bus. Gamle amerikanske skulebussar, med seter og midtgang designa for 6-aringar og mellomamerikanarar. Ikkje for tylar pa 191 cm. Men sjaforane koyerer som om Cortés var i helane pa dei.





Hasj, hippiar, hogfjellsluft og batevatn. I San Pedro og San Marco ved Lago Atitlan har hippivrak fra heile verda funne ut at dei skal samlast og verte verande til dei dauar.









Snart 45 dagar med samme frukost no. Egg a la mexicana. Dvs egg, ris, bonner og noko brod. Funkar framleis.










Frukost er ein god start pa dagen. Deretter trenger ein tyl berre ol.

tirsdag 19. februar 2008

Tajumulco - ein liten skrent

- Kva er det for eit homofjell? Ser jo mindre ut enn Vindkjegla! Ja, so sa tylen da han i helga sto ved foten av vulkanen Tejumulco, det hogst punktet i Mellom-Amerika, pa heile 4.220 moh. Mykje propaganda i forkant hadde fatt tylen til a tru at dette skulle bli noko av ei utfordring. Sa synte det seg at det skulle bli ein liten luffetur pa omlag ein time. Trudde tylen.

Det skulle vise seg at tyelen skulle fa ete i seg i alle fall nokre av orda. Opplegget var a komme seg opp kl 4 lordag morgon, koyre 4 t til fjellfoten pa omlag 3.000 moh, for sa komme seg til basecamp pa omlag 4.000 moh til kvelden. Det skulle no vere veldig overkommeleg, sjolv med full oppakning. Tempoet kunne no i alle fall ikkje ta livet av tylen, i og med at fylgjet besto av teite misjonerar fra uniten, skjeggete og pinglete jodar fra tyskland og slappe og sytete israelarar. Tylen danna fortropp saman med to svenskar og ein belgiar og hadde det fint, bortsett fra at vi matte vente pa dei elendige. 5-6 fokkings timar tok det a komme seg opp. Og det var ikkje berre pga av dei elendige. Det viste seg a vere lite med oksygen a fa i seg. Det var rett og slett tungt som faen. Kl 7 om kvelden var det god natt og sov godt.

Opp dei siste bakkane neste morgon i morkret utan frukost gjekk fint, sjolv med desse folka vi matte vente pa stott og stadig, det var no ikkje ende pa kor vanskeleg det var a komme seg fram. Vel oppe var det berre a vente pa sola. Det var faktsisk ganske fint a sja pa. Det beste med turen var likevel a ga igjennom skogen pa veg opp og ned, det lukta friskt av sevje og peiks. Alt i alt trur eg det er andre vulkanar i Mellom-Amerika som er meir spanande. Terningkast 4.




¿Que pasa?

Kva skjer med tylen? Har zapatistane knerta han? Er han sett inn for fyll og fanteri? Har stingray retta eit meir nadelaust angrep mot eit av dei meir livstruande organa? Neida, ta det med ro. Lite publisering pa bloggen den siste tida skuldast berre at det rett og slett er lite a fortelje. Tylefanten er nemleg pa spanskskule om dagen og leser spanske gloser om kvelden. Kjem den stakkars tylen pa skulen med fyllaande vert det sporenstriks og nadelaust straffa med ti kjappe pisk rett pa messingen med spanskroret. Likevel kan eg fortelje at det i hovudsak gar i to typar ol her; eit morkt eit som heiter Moza, og eit lyst eit som heiter Gallo (som ogsa kan bety det kvinnelege kjonnsorganet, sa det er som regel sann fifty-fifty kva ein far). Ja, forresten, eg er altso i Quetzaltenango, Guatemala. Det var vel omtrent det.

lørdag 9. februar 2008

Zapatista i San Cristobal de las Casas


Tylen har pakka shortsen og solkremen nederst i sekken igjen. Torsdag haika eg ni timar i oppoverbakke, fra det gode liv og lukt inn i kulden og den tynne lufta. San Cristobal de las Casas ligger pa 2.100 moh i staten Chiapas, kor omlag ein million av totalt fire millionar er direkte etterkommarar av ulike indanargrupper. Dette er den hogste konsentrasjonen av indianarar i heile Mexico. Som alle andre urbefolkningsgrupper i verda er sjolvsagt ogsa desse raevkjort sa det held. I 1994 var begeret fullt, og ei gruppe som kallar seg zapatista erklaerte krig mot den foderale haeren i Mexico, kasta administrasjonen i San Cristobal de las Casas pa raeva ut av kontora sine, og holdt byen i eit par dagar. I ti ar kriga dei litt no og da, ettersom det passa seg. Med det resultat at mange indianarar vart drept i det som mest liknar nedslakting, og lite av krava til Zapatista vart innfridd. Krava var a fa like demokratiske rettar som det ovrige Mexico og fa tilbake litt av den jorda spanjolane har knuga pa sidan dei stjal den fra dei. Rimelege krav skulle ein tru, men det gjekk altso heller darleg. No sel dei heller zapatista t-skjorter og andre produkt med den raude stjerna til turistar.

torsdag 7. februar 2008

Tylen kar i bylgjene

Verken bylgjene eller fiskane i Puerto Escondido passar godt i lag med mr. Tyl. Bylgjene gav meg juling og etter det kom det ei piggrokke (stingray) og stakk meg i foten og forgifta heile greia. Heilt klart ikkje noko a trakte etter. Lenge sidan eg har hatt det sa jikla ilt. Varte i tre-fire timar for faenskapen gav seg. Nar eg gjekk til doktor Manuel dagen etterpa kunne han fortelle at ei botte med varmt vatn ville ha tatt vekk smerten med ein gong. Fint da. I alle fulle fall var det no berre til a komme seg derifra. Tok bussen til Barra de la Cruz, kor det berre er snille bylgjer og sympatiske fiskar, vil eg seie.

Har fatt lane eit surfebrett av ein ire eg motte her. Dei lokal berre ler nar eg kjem gaande med det og mumlar noko om Titanic. Trur kanskje dei meinar det er temmeleg stort og passeleg for gronskallar. Tylen derimot er berre glad og fornogd ettersom han har vore oppe pa brettet i opptil fleire sekund nokre gongar no. Legger sjolvsagt ved prov for skeptiske lesarar. Bilta viser ogsa at det er ganske fint her. Styresmaktene har avgjort at det ikkje skal byggjast noko nede ved stranda, sa den er heilt ode. Bortsett fra ei lita strahytte kor dei grillar i hop den beste fiskesandwichen eg har smakt nokon gong, og serverar den saman med iskald ol. Barra de la Cruz er ein knottliten fiskelandsby som ligger 1,5 km fra stranda. Og mellom landsbyen og stranda er det ingenting. Niiiiiiiiiiice.


onsdag 30. januar 2008

Surf´s up, dude!

No gar det mest i bading. Har gitt opp forsok pa a vere interessert i ruinane, og er no rett og slett soydenturist av verste sort. Eller kanskje ikkje verste sort. Men ganske naer. Puerto Escondido ligg ved Stillehavskysten omlag rett vest for Oaxaca. Her samlast proffane innan bylgjesurfing. Og sa Tylen. Passar inn som hand i hanske sjolvsagt. God pa fjola og kul som fan. Neppe. Mexican pipeline er ikkje meint for tylar. Difor held eg meg til det eg er god til; bade til knea og drikke ol. Far teste ut fjola ein annan plass. Denne videoen er fra ein gong det var ekstreme bolger her. Surf´s up, dude!

fredag 25. januar 2008

Chapulines i Oaxaca

Dei er glad i mat her borte og i Oaxaca synast det som om dei er ekstra gode til a koke. Eg tok sats og testa ut chapulines, som er torka, chilimarinerte grashopper. Knasa godt og smakte ikkje sa verst. Men ikkje det beste om du er bakfull.

Her fra marknaden kor dei fresar i hop alt du vil ha av mat. Hogt stoyniva og stor stahei.



Her ein liten demo pa korleis ein skal ete desse grashoppene - ta ein tortilla, legg oppi ei god hand grashopper og topp med guacamole og litt salsa. Veit ikkje kven den gubben er men han synast a vite kva han driv med.

tirsdag 22. januar 2008

Historietime

Ok. No er det historietime folkens. For a vise at det ikkje berre gar i ol og sport. Dei som ikkje gidder a lese, kan ga rett pa videoen som viser Teotihuacán. Ikkje bry dokke med a hoyre pa han teite amerikanaren som har filma.

Om lag samstundes som Romarriket var pa topp bygde det seg opp eit mektig rike pa den andre sida av dammen. Teotihuacán ligg fem mil nord for Mexico City og var det forste, og kanskje det storste, av dei store sivilisasjonane i Mellom-Amerika. Omlag 125.000 innbyggarar budde i byen da den var pa topp mellom ca ar 100-600. Her star verdens tredje storste pyramide, Pirámide del Sol, som dei starta a bygge sann omlag da Jesus vandra rundt i sandalane sine. 70 m hog og 222 m lang pa alle sider bestar den av 3.000.000 tonn stein. Dette fekk dei transportert og bygd opp utan hjelp av metallreidskap, pakkdyr eller hjulet. I tillegg er der ein heil masse andre sma tempel og bygningar, og sjolvsagt Pirámide del Luna som er litt mindre enn solpyramiden. Det som star att no utgjer omlag 10 prosent av det som vart kalla gudane sin by.

Ingen veit heilt kva for folkegruppe som budde i Teotihuacán eller kvifor den vart fraflytta pa 800-talet. Forst i 1325 etablerte Aztecarane byen Tenochtitlán pa den staden kor Mexico City er i dag. Dei var nomadefolk som vandra rundt om kring og venta pa eit teikn som skulle fortelle dei kor dei skulle sla seg til. Da dei vasa rundt i ein sump og nokre oyer rundt ein stor innsjo, sag dei ei orn som stod pa ein kaktus med ein orm i nebbet. Det var altso teiknet dei hadde venta pa og da var det berre til a sette i gang a bygge by, sjolv om dei stod midt i ein innsjo. Orna med slangen er i dag symbolet i Mexico sitt flagg. Byen utgjorde med sine bygningar, vassvegar og flytande avenyar eit imponerande syn nar Hernán Cortés kom i 1519. To ar seinare var byen oydelagt, og det som utgjer den historske delen av Mexico City vart bygd opp pa ruinane. I dag er heile innsjoen tomt for vatn og Mexico City ligg utover heile den dalen kor innsjoen lag. Det bur sann omlag 22 millionar innanfor det som vert definert som bygrensene, men ingen har heilt kontrollen pa det eksakte talet.

mandag 21. januar 2008

¡Vamos, vamos América!


Estadio Azteca er det einaste stadion i verda som har husa to finalar i fotball-VM. I 1970 skara Pelé det forste malet da Brasil slo Italia 4-1. I 1986 overtok Mexico arrangementet fra Colombia pga pengetobbel. Det var likevel pa hengande haret at Mexico klarte dette pga jordskjelvet i september 1985 som raserte mange bygningar og tok ut 20.000 menneske i Mexico City. Maradona skara ikkje da Argentina slo Vest-Tyskland 3-2.

Estadio Azteca er i dag heimebane for to lag fra Mexico City og har ein kapasitet pa heile 114.000 tilskodarar. Sundag spelte det eine av laga, América, mot Pueblo. Tylen var ute i god tid for a fa billett. Det var det nokre andre som hadde tenkt ogsa. Den lengste koa eg nokon gong har sett snirkla seg i eit meandrerande system som var komplett uforstaeleg. Til slutt dumpa eg bort i ein svarteborsselgar og for folk som vil bruke penger blir det alltid ordnings. Fekk bra plass og sjolvsagt var det tilgang pa ol. Veit ikkje kor mange tilskodarar som var der men sikkert minst 80.000. Dette var noko anna enn Fosshaugane.

Her er eit klipp fra ein annan kamp América har spelt pa Estadio Azteca.

søndag 20. januar 2008

Museo Nacional de Arte vs. dr. Wagner

Kva er best av a rusle rundt i ein flott bygning med mykje kunstgreier, eller sitte a tömme i seg öl pa Arena de Mexico og sja dr. Wagner banke livskiten ut av kompisen sin i lucha libre (meksikansk wrestling)? Tylen har prövd ut begge deler pa ein dag. Teikning, form og farge er no greit, men eit skikkeleg slagsmal er no litt meir futt i. Lucha libre er sjukt populaert her, og for tida er det dr. Wagner som er bad ass numero ono. Han utfordrar meisteren Mistico, som framleis vinn alle kampane. Men etter at Mistico har banka opp alle, er det dr. Wagner som star att i ringen og mottar hysteriske tilrop fra publikum. Dei andre taparane blir skjelt ut med raffinerte kommentarar retta mot mödrene deira.

torsdag 17. januar 2008

Sekken er komt til rette men snusen er vekke

Dei ma vere glupske etter snus desse mexicanarane pa flyplassen. Sekken var pa plass i resepsjonen pa hotellet i dag tidleg, men snusen var tatt. Helsike. För eller seinare ville eg uansett gatt tom, men eg er ikkje mentalt forebudd pa at det skal skje heilt enno. Men a fa pa seg ein rein undikk hjelper pa humöret.

Tylen er framme i Mexico City

Ser bra ut dette. Bortsett fra at bagasjen ligg att i Houston og eg difor framleis gar i dei samme kleda som eg reiste fra Oslo i, fökk inkontinental airlines, sa er alt bueno og slik. Fatt i meg gatetaco allereie og den var jikla god. Saman med öl var det rett og slett lukke. Har til og med sett nokre ruinar og greier. Og vore inne i ein falleferdig katedral. Kan no seie kva ein vil om bade aztekarane og mr. Cortés, men a sette opp ein by i ein sump verkar ikkje spesielt lurt. Alt synker og ser verre ut enn bryggen i Bergen. Men det held seg vel oppreist den tida eg skal vere her. Grett du, hada.

mandag 14. januar 2008

Tylen har pakka sekken og er klar

Då er det avreise i morgon. Ny tannkost er kjøpt inn, undikkane er nystrokne og sekken er elles lasta med bøker og iPoden med lydbøker. Første stopp er Mexico City kor eg skal vere ei stund. Så får vi sjå. Innan returen 8. april har eg berre lause planar for kva eg skal gjere og sjå. Sidan det er nokså kaldt i Mexico City no (ligg på 2.200 moh) vert nok "ei stund" ikkje veldig lenge. Det fristar å komme seg på plass ved ei stillehavsstrand med ein kald pils i handa.